søndag 4. januar 2015

017 ♥ Salmenes bok 6-8

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Salme 6 Salme 6 Salme 6 Salme 6
Salme 7 Salme 7 Salme 7 Salme 7
Salme 8 Salme 8 Salme 8 Salme 8

Utvalgt andakt

"Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus.  Læk meg, Herre, eg er djupt forfærd.  Mi sjel er gripen av redsle.  Kor lenge, Herre?" Salme 6,3-4

I gamle dagar snakka Guds folk mykje om "anfekting".  Dette er ei side av kristenlivet som ein ikkje høyrer stort om no.

Men kva er så "anfekting"?  Det er åndeleg mørke, tung sjelestrid og tvil.  Som kvasse piler stikk det i sjela:  Det er ikkje rett med meg lenger no.  Eg har mist gleda i Gud, freden og barnekåret.  Synda og Satan har fått makt over meg, og Guds ånd er borte.  Der er inga trøyst for meg lenger i Guds ord, alt det eg les, dømmer meg, og ber eg, får eg ikkje svar.  "Han bygde opp ikring meg ein mur av beiskleik og møde. (…) Jamvel når eg skreik og ropa om hjelp, ville han ikkje høyra mi bøn."  Klag 3,5 og 8

Kva er så grunnen til at slike tider kjem over dei kristne?

Grunnen kan liggja i eit slurvete kristenliv, i slitne nerver og i djevelen sine freistingar eller i Guds nådefulle plan med livet vårt.  Ein av dei gamle kristne har sagt:  "Den Gud vil gjera gudeleg, gjer han til ein fortapt syndar, den han vil gjera levande, stiller han inn i dødsens gap, og den han vil føra til himmelen, sender han til helvete."

Når han så fører oss ut att or "anfektinga si natt", kjem han med trøysta si, ikkje berre for vår skuld, men òg så me skal kunna trøysta andre med den samme trøysta me fekk av Gud.  Dette er den høgaste utdanninga Gud kostar på sine her.  Lukkeleg er den som tek eksamen i den skulen!

Du vet ei, mitt barn, hva jeg gjør her på jord,
men du skal få se det engang.
Urolige hjerte, hva sørger du for?
Din prøvelsestid er ei lang.

(Syng for Herren 403, 2)

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Salme 6
Salme 7
Salme 8