søndag 4. januar 2015

059 ♥ Salmenes bok 24-26

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Salme 24 Salme 24 Salme 24 Salme 24
Salme 25 Salme 25 Salme 25 Salme 25
Salme 26 Salme 26 Salme 26 Salme 26

Utvalgt andakt

"For han visste sjølv kva han ville gjera" Joh 6,6
"Ingen som ventar på deg, vert til skammar." Sal 25,3
"Folket mitt skal aldri verta til skammar." Joel 2,27

Det var for mykje folk og for lite mat, og same korleis Filip rekna, vart det for lite til alle.  Er det ikkje underleg at ingen av læresveinane kom på å rekna med Jesus?  Dei hadde då så mange gonger sett undera hans, det eine større enn det andre.  Men nei, det kom dei ikkje på, det hadde dei gløymt.

Å, men kor menneska til alle tider er seg sjølv like!  Mens livet vårt er gjennomvove av velgjerningar, som er bygde på under etter under, held me like fullt på og reknar.  Når me så ikkje får det til slik me vil eller trur det må vera, ser me ingen utveg.

Men han som har staka ut vegen for sine, som veit kva han vil gjera og som har evne til å fullføra alt han vil, han kjem ikkje for å rådføra seg med oss før han set sin vilje i verk.  Slik som krusmakaren tek leirklumpen og lagar han til det han vil, slik gjer Jesus med sine, dei han har teke på seg å hjelpa heim til Gud.  Han som kjenner menneskenaturen vår og kunstgrepa til djevelen, han ser best vegen han må føra oss på, og han veit òg kva han vil gjera.  Så slutta då, kristne, med all reknekunsten din, med vegbygginga di og med alle dei tunge tankane dine!  Prøv å rekna med han som slepp å rekna, han som har nok til alle, til deg og meg og!  Du skal sjå at hans vilje og veg er den beste.  "Dei som skoda opp til han, lyste av glede, og deira ansikt raudna aldri av skam."  Det seier Guds ord.  Tru det!   (Salme 34, 6)

Han hjelper i brattaste bakkar
og stør deg når vegen vert smal.
Han signar dei sollyse sletter
og lyser i dødsskuggens dal.
(Norsk Salmebok 346, 3.)

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Salme 24
Salme 25
Salme 26