tirsdag 6. januar 2015

134 ♥ 2 Mosebok 25-28

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

2 Mosebok 25 2 Mosebok 25 2 Mosebok 25 2 Mosebok 25
2 Mosebok 26 2 Mosebok 26 2 Mosebok 26 2 Mosebok 26
2 Mosebok 27 2 Mosebok 27 2 Mosebok 27 2 Mosebok 27
2 Mosebok 28 2 Mosebok 28 2 Mosebok 28 2 Mosebok 28

Utvalgt andakt

Når Aron går inn i heilagdommen, skal han bera namna åt Israels-sønene innmed hjarta sitt på brystduken til domsavgjerder. Slik skal han alltid minna om dei for Herrens åsyn. 2 Mos 28,29

I ein duk som øvstepresten i Israel bar på brystet, var det sydd inn 12 dyre steinar. På desse steinane hadde dei rita inn namna til Israels 12 ætter. Denne duken måtte øvstepresten bera på brystet når han steig fram for Guds åsyn, slik at Herren alltid skulle komma folket sitt i hug.

Slik som Guds folk i den gamle pakta låg innmed hjarta på øvstepresten i desse steinane, slik ligg no Guds folk i den nye pakta i Jesu Kristi hjarta. Han har ikkje gått inn i ei heilagdom som er gjort med hender, men inn i sjølve himmelen for å syna seg for Guds åsyn for vår skuld. Derifrå ser Gud folket sitt som om det aldri hadde synda, og derifrå kjem han det alltid i hug. Derfrå ser han òg alle sine som eitt folk. Gud ser folket sitt frå Jesu Kristi hjarta. Me er alle eitt i Kristus.

Måtte augo våre bli opna meir for herlegdommen i Jesu Kristi åsyn! Då skulle me meir oppleva at evangeliet er ei Guds kraft til frelse for alle som trur.

"Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda!" (Kol 3, 1–2).

I åndens samfunn vandre
vi vil den store pilgrimsgang
og synge med hverandre
det frelste Sions seierssang.
Igjennom natt og trengsel,
igjennom nød og død,
med stille håp og lengsel,
med dyp forventningsglød −
fra kors, fra grav vi stiger
med salig lov og pris
til den oppstandnes riker,
til frelsens paradis!

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
2 Mosebok 25
2 Mosebok 26
2 Mosebok 27
2 Mosebok 28