torsdag 8. januar 2015

165 ♥ Ordspråkene 4

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Ordspråkene 4 Ordspråkene 4 Ordspråkene 4 Ordspråkene 4

Utvalgt andakt

Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på, for livet går ut frå det. Ordt 4,23

Hjarta er sentrum for livet og livskrafta. Tek hjarta skade, er det alltid stor fare på ferde. Me kan missa både armar og føter og syn og endå berga livet, men misser me hjarta, er det slutt med livet.

Også reint lekamleg sett er det slik om å gjera å ta vare på hjarta. Den som har fått om det så berre er ein liten skade på hjarta, går alltid med livet i hendene. Men det ordet her manar oss til å ta vare på, er det nye hjarta me fekk då me vart fødde av Gud. Då me gav Gud hjarta, vart det skapt eitt nytt menneske i oss. Der bur Kristus ved trua, og der har me Anden til innsegl og pant heilt til me tek imot arven hjå Gud. Det nye hjarta er det me skal ta vare på framfor alt anna.

Men korleis skal me då ta vare på dette hjarta?

Til meg lyder det gjennom dette ordet: Vak over tankane dine, lystene, sinnelaget, orda, heile livet ditt! Har du vorte urein, så reinsa sjela i lydnad mot sanninga slik at ikkje noko som er imot Gud blir liggjande på hjarta! Hjarta er det aller heilagste i oss, og der må berre Gud vera. Får det syndige og jordiske slå seg ned der i ro, tek hjarta skade. "Gud, skap i meg eit reint hjarta, gjev meg ei ny og stødig ånd!" Salme 51,12.

"I hjarta gøymer eg ditt ord, så eg ikkje skal synda mot deg." Salme 119,11.

Min Jesus, lat mitt hjarta få
slik lengsel etter deg,
at natt og dag du vera må
umissande for meg!

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Ordspråkene 4